å - Ã…



http://www.skjaak.kommune.no/
http://www.luster.kommune.no/
http://www.lom.kommune.no/



Linje

Ein av dei store opplevingskvalitetane i Breheimen er det store samanhengjande fjellområdet utan inngrep. På fottur i Breheimen opplev du stillheita i naturen. Den norske turistforeining har fleire hytter i Breheimen.Det er også nokre enkle jakt- og fiskebuer i området, der nokre er for utleige.

Hestbrepiggane er dei høgste fjella i Breheimen og når på det meste opp til 2172 moh. Tverrådalskyrkja er kanskje det mest kjende fjellet, der det ruvar godt like ved den mest brukte turruta frå Sota seter til Nødstedalseter. Turen opp på. Tverrådalskyrkja er ein heildagstur uansett utgangspunkt for turen Mange vassdrag, breane, dei særprega seterområda i Mørkridsdalen og Vigdalen i Luster, Mysubytta i Skjåk og Høydalen i Lom vil og vere verd eit besøk.